Dagens sponsor:

Aktivitetskalender

Vis alle aktiviteter
Imponerande KM-helg for unge Fana-rekruttar Publisert mandag 01 februar 2010
/   Skrevet av Harald Linga

Imponerande KM-helg for unge Fana-rekruttar

Kl.

Dei unge løparane frå Fana Langrenn representerte kultur- og vintersportsbyen på ein framifrå måte og sette ein støkk i konkurrrentane frå midtre og indre strøk under krinsmeisterskapen på Voss i helga. 

Under fristil-sprinten laurdag fekk Fana-løparane 4 pallplasseringar med klassesigrar til både Markus Braadlie (gutar 11 år) og Kasper Rønning Komnæs  (gutar 12 år). Nina Tveite, J 11 år, fekk 3. plass og Mikkel S. Lampe, G 11 år, vart nr. 2.

Også i klassiskrennet sundag gjekk Markus og Kasper til topps. Mads Ulrich Mjanger Muller fekk plassen bak Markus og Mikkel vart nr. 3. I jenter 11 år fekk både Nora Øvergaard Aarvik (2) og Nina (3) pallplassering. Det same fekk Sarah Instanes i jenter 12 år med 3. plass.  

Inspirert av rekruttane viste også seniorane frå Fana stor idrett, der Torunn Øvergaard Aarvik vart krinsmeister i seniorklassen, med beste tid uansett klasse for kvinner 10 km.

Beste herreløpar frå Fana tidsmessig på 20 km vart Sverre Slethaug (M36-40), framføre Brigt Strømmen som vann klasse M51-55. Klassesiger vart det også til Gustav Wiig, M56-60.

For fullstendige resultatlister, sjå:

http://www.fanail.no/sitefiles/7/langrenn_skiskyting/Innbydelser_og_resultater/resultatlistekmklassiskparkrennet.pdf

http://www.fanail.no/sitefiles/7/langrenn_skiskyting/Innbydelser_og_resultater/Viljarsprint_2010_KM_sprint_Hordaland.pdf

Trippelsigeren til Fana i klassiskrennet for gutar 11 år, på pallen frå venstre Mads Ulrich, Markus og Mikkel , var særs gledeleg. 


Sist oppdatert 22.07.2017 kl 12:42

<- Tilbake


Hovedsponsor:




Samarbeidspartnere:





Flere Nyheter:

Smørjetips klubbmesterskap klassisk 1. mars

Det er meldt -1 grader og snøbyger utover dagen

Glidsone: CH 8 eller tilsvarande

Feste/ heimearbeid: Grøn Toko grunnvoks, smelt inn og kjøl ned. Deretter 3 lag med blå voks (SWIX V40 eller Rode super extra).

Ta med

Rode Multigrade

fiolett (Rode viola)

Raud voks (V60)

for justering av feste. Merk at på slik nysnø må ein gå å skiene 3-400 m før smurningen "bit".

KLUBBMESTERSKAP KLASSISK TIRSDAG 1. mars 2016

Resultatliste finner du HER

 

tartliste finner du HER

invitasjon finner du HER

Løypelengder og kart finner du HER

Fana IL, langrenn & skiskyting arrangerer klubbrenn

KLASSISK STIL  langrenn, start kl. 18:30

Sted: Totland.

Påmelding:             via www.minidrett.no    Frist: søndag 28. februar kl. 23.59.

 Startnummer:        Hentes ved start, senest kl. 18.00.

Etteranmelding frem til kl. 18.00. Det oppfordres til forhåndspåmelding, pga begrenset antall på etteranmelding.

Vær ute i god tid!

Drikke:                    Medbringes av den enkelte, som ved vanlig trening

 Premieutdeling:     Premier deles ut på klubbkveld/sesongavslutning

Fana-Atleten 2.mars

2.mars blir det ny samling i Fana-Atleten kl. 1630 på Rådalslien skole. Vi fortsetter med temaet rundt mentaltrening. Foreleser på hoved-emnet vil være Henrik Herrebrøden, som er en del av «mentaltrenings-teamet» til OLT-vest.

TrenerForum 23. februar kl. 1730

Fana IL og Fana fotball innkaller til TrenerForum 23. februar kl. 1730 i Pokalrommet, Fana stadion. 

Skitrening torsdag 11. februar

Oppdatering torsdag 16:25:

Gruppe 15 + har skitrening på Gullbotn, klassisk stil.

Smørjetips: Toko grøn grunvoks + 3 lag SWIX V40 eller Rode super extra. Ta med rode multigrade  og fiolett voks.

Køyring: Oppsamling i bilar frå nye Jysk på Midttun (gamle Gocarten), med avreise derifrå 18:00.

NB! Gruppe 11-14 år har organisert trening frå Fana Stadion, rulleski (skøyting). Ta med joggesko i tilfelle glatt vegbane.



Nyhetsarkiv

Fana IL © 2009. Kontakt Fana IL.
Nettsidene er utviklet av Cox og Oktan Digital.



Intranett

Brukernavn 
Passord