Dagens sponsor:
Ønsker du å annonsere her? Ta kontakt!

Aktivitetskalender

Vis alle aktiviteter
Stipend til Fana-rytter Publisert søndag 14 mars 2010
/   Skrevet av Rune Torkildsen

Stipend til Fana-rytter

Kl.

Idrettsstipend til Ørjan Borgen Nordtveit.

For 9. gong deler Fusa idrettsråd ut eit eit idrettsstipend i samarbeid med Sparebanken Vest. Stipendet er på kr 10.000,-. For første gong vert det berre delt ut eitt stipend. Leiar i Fusa idrettsråd Gunnar Hansen fortel at dette er eit medvite val frå idrettsrådet for å gjera stipendet meir attraktivt og heva statusen. Tildelinga fann stad i Sparebanken Vest sine lokale i Eikelandsosen fredag 12. mars.

For 2009 gjekk stipendet til den talentfulle syklisten Ørjan Borgen Nordtveit, og det er første gong stipendet går til ein syklist. Han starta syklinga i Fusa sykkel, men representerer i dag Fana idrettslag. Han går no inn i sin tredje sesong som aktiv syklist. Han har alt fått med seg eit kretsmeisterskap i karrieren, men ambisjonane er større, og målet er å koma inn blandt dei 10 beste i norgescupritt. Sesongen startar for fullt med Fana sykkelfestival 24. april der eitt av ritta tel med i Norgescupen.

Treningsforholda har vore vanskelege her heime i vinter og saman med elitegruppa i Fana har han vore på treningsleir i Altea i Spania.  Om nokre dagar går turen til Gran Canaria og terrngsykling. Etter påske er det ny samling og ritt i Belgia.

Avdelingsbanksjef Jostein Djupvik ønskte lukke til i sesongførebuinga og håpte pengane kom godt med. Han meinte også at Ørjan var eit godt førebilete for alle unge med sykkelinteresse og at han kan inspirera andre til å satsa på sykkelidretten.

Ørjan Borgen Nordtveit takka for hjelpa frå idrettsrådet og den lokale banken, og sa at han er veldig engasjert i det som rører seg lokalt. Han har sitt eige terrengritt heime på Baldersheim, "Joråsen rundt", og han kunne avsløra at han har laga den nye nettsida til Fusa sykkel www.fusasykkel.no. Ørjan er også rett person til å hjelpa dersom du mangler sykkeldeler gjennom nettbutikken www.sykkelkomponenter.no som han driv heime frå Baldersheim.

Ørjan lova at det lokale sykkelrittet "Våganipen rundt" 12. juni står på terminlista hans for 2010 som perfekt oppkøyring til NM. Vi ønsker lukke til!

Kilde: Fusa Kommune:


Sist oppdatert 22.08.2017 kl 18:32

<- Tilbake


Hovedsponsor:



Samarbeidspartnere:




Ingen artikler

Fana IL © 2009. Kontakt Fana IL.
Nettsidene er utviklet av Cox og Oktan Digital.



Intranett

Brukernavn 
Passord